Lærdal IL
Overblikk
For rundt eit halvanna år sidan fekk eg høyre at Lærdal IL var ute etter å få ny nettstad, og at dei gjerne ville bruke nokre lokale om mogleg. Eg rakk opp handa med ei gong og meldte meg villig. Det var då for meg mitt fyrste «store» oppdrag. Det viste seg også å bli større enn eg fyrst hadde tenkt.
Mi rolle
Her har eg stått for alt – både piktogram illustrasjonar og å lage til eit CMS system som alle lokale ildsjeler i Lærdal klarar å benytta seg av. Eg har også hatt relativ frie tøyler – både når det kjem til programvarevalg og kva fargar som er brukt. Eg har hatt opplæring for nokre styremedlem – og prosjektet er no delvis overlevert. Dvs, Lærdal IL vil sjølve leggje inn riktig og ny informasjon slek at dei blir lærer seg driften sjølv. Sjølve nettstaden går live når dette er gjort.
CMS for Lærdøle
CMS for Lærdøle var det som gjorde denne oppgava til ganske mykje større enn eg fyrst såg føre meg. Målet er som nevnt at nettstaden skal bli drifta av styret og undergruppene sjølve. Dette betyr at det er eit bredt spenn med menneskjer med ulik datasakkunsskap som alle skal klara å bruka systemet. 80% av prosjektet har gått til dette. Her har eg brukartesta og finpussa til siste stund. Resultatet? Me har snart ein levande nettstad som er testa og drifta i aldersgruppa 20-70+.
På biletene neafor ser du eit utdrag av korleis informasjonen på UI-et blir henta frå CMS-systemet. Dette gjer at brukarane berre treng å forholde seg til reine tekstfelt.
Design
Eg har gitt Lærdal IL ein oppfriskning i fargebruk, og dratt inn eitt litt meir moderne preg, samtidig som det var veldig viktig å halde det so reint og oversikteleg som mogleg.
Fjellet er handtegna og er eit ganske kjent utsnitt av Lærdal for oss lokale. Omtrent same snitt ein ser frå idrett- og skeisebana.