Nightrun
Overblikk
I 2024 fekk Nightrun ny navnesponsor, og i den anledning ville me også re-brande identiteten til løpet. Løpet blir arrangert i fem byar og er som navnet røper; eit løp i mørket. I tillegg til ny logo og digitale behov, trengs det også arenamateriell til slike løp. Dette innebærer alt frå startnummer til målbue.
Min rolle
Som designar hjå Springtime Event, arrangør av løpet, fell alle designoppgåver knytta til løp i fanget mitt. Til Nightrun har eg derfor produsert både ny visuell identitet, malar til sosiale medie, designa opp heilt nytt arenamateriell og fotografert. Sjølv om me har event-fotografar, treng me ofte litt andre bileter til SOME og nettstaden – der kjem eg inn.
Arena & bilete
Nedanfor ser du eit lite utsnitt av arena og bilete der i frå. Utfordringen med arenamateriell er synlegheit. Dette er ikkje spesielt mykje lettare når løpet er på kveldstid. Her gjorde bruk av lys og røyk mykje. I tillegg er alle sponsorlogoar plassert godt over bakken på gjerdebanner. Same prinsipp gjeld for selfie-vegg. Her blei logoen plassert på skrå slik at hodelykta i logoen laga til ein naturleg oppstillingsplass for fotoklare løparar.
Av hensyn til personvern vil eg ikkje dele gjenkjennelege personbileter på min private nettstad, men sjekk gjerne ut fleire bileter på Facebook!
Profil
Nightrun…Night…Run…NR…der har med det! Og so kan me få det til å sjå ut som han spring! Og han kan ha hovudlykt!
Det var ganske akkurat slik logoen til Nightrun vart til. Eg var innom alt mellom retro-illustrerte emblem til nokre veldig moderne og abstrakte forslag. Likevel havna det på fyrste forslaget – den er både enkel og gjenkjenneleg.
Fargepaletten er ein naturleg vidareføring av logoen og hovudlykta. Neongul og komplimenterande «frostig-natteblågrøn».
(Merknad. Medaljen er sjølvlysande!)